Avslutningssamling i Energinettverket 2013

10.–14. september 2013, Nove Mesto, Tsjekkia

 

Hotel ski Tsjekkia

Eit prosjekt må kome til ende, også Energinettverket. 

Frå starten i 2005 (Fysikkåret) har nettverket involvert 223 lærarar, 62 skular og over 25 000 elevar. Kvart år har to lærarar frå kvar skule møtt på ei samling, der vi har utveksla erfaringar og fått fagleg påfyll frå erfarne forskarar. Slik også i år. I lenkene til høgre finn du foredraga og alle presentasjonane frå nettverka.

Vi i styringsgruppa er imponert over breidda i aktivitetane ved kvart nettverk/skule. Tilbakemeldingane er mange og svært positive. Det viktigaste resultatet er kanskje at modellen med samarbeid ungdomskule/vidaregåande skule har fungert, og vil halde fram sjølv om prosjektet avsluttast. 

Styringsgruppa takkar alle for kjempegodt samarbeid i alle desse åra og lykke til med vidare samarbeid lokalt.

Energinettverket 2 Energinettverket 1

 

Med energirik helsing

Karl Torstein Hetland
Arne Auen Grimenes
Anders Isnes
Lars Olav Tveita
Bjørn Johnsen
Victoria Bodak

Vinnarane av Energikampen: Vest-Telemark Vinnarane av Energikampen: Vest-Telemark