Årssamlinga til Energinettverket 2012

Samlinga i år vart arrangert i samarbeid med St. Olav vgs i Stavanger med leiar Grethe Mahan. 

Starten på konferansen var ein busstur til Hafrsfjord og monumentet «Sverd i fjell» som er reist til minne om slaget i Hafrsfjord i 872. Resten av dagen var via oljeeventyret med informasjon frå Oljedirektoratet og ein flott omvising som viste alt Oljedirektoratet steller med. Oljemuseet svarte til forventingane, og vart toppa med eit framifrå måltid servert av Bølgen og Moi.

Neste dag fekk vi litt motsvar til oljeperspektivet, med glimrande foredrag av Petter Heyerdahl (UMB) om framtidsvyer for eneribruken vår. Per Arne Bjørkum (Statoil) kåserte om korleis kunnskap vert bygd opp over tid og kor viktig det er å ha ein sunn skepsis til ulike påstandar som trekt fram i media. . Bjørn Johnsen (Statens Strålevern) viste at UV- målingane ved våre målestasjonar kan nyttast i ein større samanheng, men at vi må passe på at vi ikkje får brot i måleseriane.

Det viktigaste for oss var likevel rapportane frå Stavanger, Finnfjordbotn og Frogner, som viser den store breidda i aktivitetane i Energinettverket. Programmet for ettermiddagen var eit besøk til Flor og Fjære, med imponerande hageanlegg, engasjerte omvisarar, Hewitt-konkurranse og avslutning med ein flott middag. Takk til Statoil som støtta dette arrangementet.

Siste dagen fekk vi foredrag om klima ved polfarar Tobias Thorleifsson, gass-show ved Ole Jørgen Kaalstad, og John Erik Sivertsen fortalte om samarbeidet mellom St. Olav og Exxon Mobil. Til slutt fekk vi ein film frå aktivitetane ved Bodø vgs.


Takk for nok ein inspirerande samling!


Karl Torstein og Arne Auen

 

Årssamlinga til Energinettverket 2012