Automatiske Vêrstasjonar

Som ei vidareføring og utvikling av SOLIS ynskjer vi å lage eit nettverk av automatiske vêrstasjonar.

Værstasjon Værstasjon

 

Vi ser for oss at vêrstasjonen kan vere sentral i fysikk både innan måleteknikk, tolking av data og bruk av internett. I tillegg er det naturleg å nytte den i naturfag og geografi. Korleis vi pedagogisk kan nytte vêrstasjonen vert viktig i utviklinga av prosjektet.

Alle data vert lagt direkte ut på internett kvart 15. minutt. Vi kan lage ein felles database som alle kan bruke. Gjennom dette prosjektet vert du automatisk med i det verdsomspennande prosjektet The GLOBE Program.

Vi har vald å bruke Davis Weather station type Vantage Pro 2. Med denne kan vi måle temperatur, nedbør, vind, vindretning, lufttrykk, solinnstråling og UV.