Om Energinettverket

Et nettverk av vidaregåande skular og ungdomskular.

Dei fleste vidaregåande skular har eit nett av ungdomsskular som dei rekrutterer elever frå. Utgangspunktet for denne ideen er eit ynskje frå Statkraft lokalt her på Dalen, om at vi som vidaregåande skule, skulle spela ei koordinerande rolle i Statkraft si satsing på skulen i Vest-Telemark. Vi er svært interessert i det, fordi det er viktig for oss å ha god kontakt med ungdomsskulane med tanke på rekrutteringa. Kanskje situasjonen er den same på din skule?

Sjølve nettverket er tenkt bygd av mange lokale nettverk med ein vidaregåande og 3-5 ungdomsskular. Sjå figur.

Døme på lokalt nettverk Døme på lokalt nettverk

I prosjektet vil vi fokusere på alle sider ved energiproduksjon, energibruk, energiøkonomisering og verknader på miljøet. Vi tenker oss at elevane ved den vidaregåande skulen skal vere sentrale i samarbeidet. Førebels har vi nokre idear til innhald, men ynskjer å diskutere dette vidare på det første møtet i Vestfold.

Idear til arbeid ved kvar ungdomsskule/vidaregåande skule

  1. Energiøkonomisering
    • registrering av energibruk på skulen 
    • registrering av energibruk i heimen: Nytte Energiportalen på Nettverk for miljølære til energiregistreringar, vassrakett, registrering av gamle kraftverk, damanlegg osv
  2. Bruk av Kraftskulen utvikla av Statkraft
  3. Fornybar energi
    • solenergi
    • småskala vasskraft
    • vindenergi
    • bioenergi

Felles energidag for alle skulane

  • energikamp
  • kraftverksbesøk osv……..


Samarbeidspartnere

Samarbeidspartnere for Energinettverket

Nettressurser

(statkraft.no)
(utdanningsdirektoratet.no)